heading
forord
 
 
 
NOKRE OPPLYSNINGAR OM ORDLISTA:

I ordboka er det brukt ein del forkortingar og teikn som er slik å forstå:

f = hokjøn
m = hankjøn
n = inkjekjøn
flt. = fleirtal
bf. = bunden form
v. = verb

"kn-" vart frå gamalt uttala "nj-", særleg i sørbygda. Sjølv om ein del av orda i dag blir uttala med "kn-" fyrst,
er det oftast førte opp under "nj-" her, sidan det var den opphavelege uttalemåten.

*) Nokre ord har stjerne framfor seg. Det tyder på at Sl - lyden er ustemt og blir uttala med ein særmerkt vislelyd
(også synleggjord med ein h framfor sl).

Etter v. står oftast fortidsendinga av verbet. Strek under l tyder tjukk l.



Sjå også eigen side om grammatikk. Der finn du ein kortversjon og utdrag frå boka til Kjell Venås:
"So sea me her" (Boksmia Forlag 1998). Den får du kjøpt i bokhandlane i Hallingdal, på kulturkontoret i Hemsedal,
eller direkte frå Boksmia Forlag, 3570 Ål.
 
 
 
 
SØK PÅ ORD:
På kvar side i ordlista er det mogeleg å søkja på ord. Både dialektord, nynorsk og i forklaringane. Skriv inn ordet du vil finna,
og trykk på "Søk på ord". Du får då opp ei ny side med ulike treff og linkar til sider i ordlista. Dersom søkeordet ditt ikkje vert
funne, kan det ta litt tid. Men du vil få opp eit alternativ eller liknande ord som forslag. ("did you mean...")
Du kan også bruke søkefunksjonen i din web browser. Men då vil søket verte begrensa til den sida du er på.
 
 
 
 
Ordlista kan også opnast i pdf utgåve
(Identisk alfabetisk ordliste, men utan lyduttale. Siste versjon er 2.02)
 
 
 
 

 

Link til ei anmelding av boka med meir informasjon om grammatikk:
Oddmund Vestenfor:
Æi båus bok mæ stivæ bræu

Frå ORD OM ORD, nr 7
(Årstidsskrift for leksikografi 2001. Utgjeven av UIO, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap)

 
 
 
 


 
 
 
 
 
Send e-post til Hemsedal Mållag: post@hemsedalmaallag.no