headings

ordliste
 

A - B - D - E - F - G - H - I - J - K - L - M - N - O - P - R - S - T - U - V - Y - Æ - Ø - Å

Hesten - Veven - Sleden

 
 
site search by freefind
 
 

DIALEKT

NYNORSK

FORKLARING

LYD

K (side 4)

 

 

 

 

 

 

 

kjåkjin

tjåken

1) lunut, plagsam, masut, om ein unge som «kjåka på», er uvel og lei seg,
2)»kjåkjint»: travelt

kjåmén

tjåmen

bleik i andletet, som ser ussel ut

kjåstæ v.,-a

kjåste

vera andpusten, puste mykje fordi ein har sprunge fort

kjåtræ v.,-a

tjatre

skvaldre, prate fort og utan stans

klabbén

klabben

klamput

klabbnæ v.,-a

klabne

bli tjukkare og tyngre

klabbæ v.,-a

klabbe

kladde, om snø som festar seg under ski og sko; «klabbæføre»

klakji m.

klake

klump; «klakut»: klumput; «dæ ha klaka se te»: det har klumpa seg til; «dæ æ teklaka»

klakkæ(jældæ)
v.-a

klakkegjelde

gjelde (kastrere) dyr med ei innretning som vart kalla ein «klakk»

klakkæbjøllæ f.

klakkebjølle

bjølle til hest

klank m.

klank

klump; «møkjaklank»: møkaklump (som heng fast)

klattæ v.,-a

klatte

klatte; «klattæ burt» bruke opp pengar på småtteri, slik at ein seinare ikkje heilt veit
kvar pengane tok vegen; «klattæ ræ te»: prøve å ordne til noko som er gått sund
utan eigentleg å reparere (slik at det snart går sund att)

klavadagatn
m.flt.

klavedagane

romjula (då hadde kyrne klavane på når dei vart drivne ut for å bite beit eller få vatn.
Klavane skulle verja dei mot vonde makter)

klave m.

klave

til å binde dyr fast med eller hengje bjølla i, oftast laga av tre, seinare av metall

klen

klein

1) dårleg, sjuk, ussel, 2) lite flink; «han va klen te læsa»; ”det va klent arbeid”:
det var dårleg utført arbeid

klensle

kleinsleg

sjukeleg

kling m.

kling

flatbrød eller lefse påklint smør eller rømme; «smørkling»; «rummækling»; «læfsækling»

klinkæ f.

klinke

sjå ”dørklinkæ”

klinkæ v.,-a

klinke

klinke, t.d. klinke naglar

klinæ v.,-a

kline

smørja smør, t.d. på ein kling; «klinæ klingæn»

klon f.

klo

1) klo (på dyr), 2) kvinnemenneske som greier det meste; «æi klon te å græiæ se»

klonkæ v.,-a

klunke

1) klimpre på instrument, 2) om bjølle som gjev lyd frå seg, 3) ”klonkæ innpå om”:
ymte frampå om, også brukt ”glonkæ”

klubb m.

klubb

bolle av mjølk og byggmjøl eller noko kvitt mjøl og egg («kvitklubb»), eller av blod
(«bloklubb»), «klubb o sø» (kjøtkraft) vart nytta som dugurdsmat om sundagane

kluft m.

kluft

1) formvakse tre eller grein, brukt som ynskjekvist; ”å gå mæ kluftn”: leite etter vassåre
med kluft; 2) «ostækluft»: rist til å setja «tåjin» (s.d.) på, 3) skrittet; «æin vaksen kar
vaddæ i snø som jikk´n uppi klufte»

klukkæslætt n.

klokkeslett

tidspunkt

klundrén

klundren

ujamn, grovt laga

klundræ f.

klundre

utvekst på tre

kluns m.

kluns

klump

klutævask m.

klutevask

bleievask, klutane (bleiene) var 70 x 70 cm

kluvæ v.,-a

kluve

slå, ”kluvæ på koraræ”: slå laus på kvarandre

klyft sukker n.

klypt sukker

klypt sukker, heimekokt sukker klypt til «møla» (sukkerbitar) Jf. «knuppæ-sukker»

klyngji v.,-dæ

klyngje

klemme

klæisæ v.,-a

kleise

snakke barnespråk, ikkje snakke reint; «væra klæis»: ikkje snakke reint (enno)

klæiæ v.,-ddæ

kleie

klø; «dæ klæia!»: det klør. Jf. «klå»

Klæmmægrende

Klemmegrendi

brukt om Jordheimsgardane frå mølla til Imre (då gardstuna låg lenger opp enn no)

klængji v.,-gdæ

klengje

hengje saman, vera saman, hengje på; «væra klængjin»: vera klengut, pågåande og frekk

klængjinabn n.

klengjenamn

oppnamn, utnamn

klæppi el. klæppu
flt.

klepper

klumpar i mjølka, i juret pga.sjukdom

klæssæ v.,-tæ

klesse

1) setja hardt ned, smelle; «han klæsstæ døre»: han smelte att døra, 2) sputte (ei klyse)

  << tilbake K (side 4)
gå til side 1 2 3 4 5 6 7 8 9
  neste side >>