DIALEKT |
NYNORSK |
FORKLARING |
LYD |
B (side 6) |
|
|
|
|
|
|
|
brænslæ f. |
brensle |
halsbrann, frå gamalt av kalla «ældsott» |
|
bræstæ f. |
breste |
matrett laga ved å ha sur mjølk (eller surost) i kokande, søt mjølk (slik at det brast);
«råmjølkbræstæ» vart laga av råmjølk og søt mjølk; sjå ”drævlæ” |
|
bræsæ f. |
bræse |
1) hard regnskur, styrtregn; «safsént te bræsæ»: svært til styrtregn, 2) eit stort lag eller selskap; «æi svær bræsæ» |
|
bræsæ v.,-a |
bræse |
1) steike ved sterk varme (t.d. i ei «bræsæpannæ»: steikepanne). 2) vera brå, ha hast-verk med å få noko i gang trass i vanskar: «bræsæ på før å kåma tile på støln» |
|
brættæ se v.,-a |
brette seg |
vera overlegen, stramme seg opp, setja nasen i sky |
|
brættæ f. |
brette |
”skibrættæ”: skitupp |
|
brææ f. |
bræe |
1) bokperm; «stivæ bræu», 2) «snøbrææ» |
|
brødd m. |
brodd |
samling av dyrehår, brukt i hovudputer, «æljibrødd» eller «ræinsbrødd» |
|
brøkjin |
brytjen |
stiv og umedgjerleg |
|
brøkju f. |
brytje |
(også uttala «brøku»), person som er stor, kraftig, svær til å arbeide |
|
brøkjæ f. |
brytje |
sterkt og solid kvinnfolk |
|
brøkkæ v.,-a |
brokke |
trå; om hest som vil heim att dit han er komen frå, som «trår hæimatt» |
|
brølæfsæ f. |
brødlefse |
lefse av rømmebrød, bretta dobbelt to gonger |
|
brøndut |
brandut |
mørkstriput (om kyr) |
|
brøt n. |
brot |
1) nybrot, "nybrøt", 2) lang brekkstong, «våg», 3) rom ved sida av treskjelåven,
der ein hadde «loe»
(kornbanda); «uti brøte» |
|
brøte m. |
brote |
«æin hæil brøte»: ein brote, ein heil masse, ei stor mengde |
|
brøtning m. |
brøtning |
losing og fløyting av tømmer |
|
brøto |
|
gards/stad navn (Bråten), lendet låg høgare eller lågare i terrenget. Også "brøtæ"
(utt. med trykk på æ) - ein brytning i lendet. |
|
brøttæ f. |
bratte |
bratt stad; «i brøttun»: der det er bratt |
|
brøtæ v., bryt,
bråut |
bryte |
«brøtæ se te»: tvinge seg til, gjera noko ein veit er rett, men som ein ikkje har lyst til |
|
brøtæ |
brottet |
(utt. med trykk på ø) plassen for halm og turrfor inne på låven, lågare enn sjølve låvegolvet |

|
brøysén |
breisen |
fyldig, utoverspreidd |
|
brøyæ f. |
breie |
utåverbreidd høy eller anna som ligg til turk, t.d.»fórbrøyæ»; «låuvbrøyæ»; «møkjabrøyæ» |
|
brøyæ v.,-ddæ |
breie |
reie; 1) å riste opp og breie noko utover til turk, 2) reie senga |
|
bråk f. |
bråk |
veggfast reiskap, jarnbøyle eller viuspenning, brukt til å «bråkæ» (reie) skinn med |
|
bråkkæ v.,-a |
brokke |
trå mot heimtraktene (om hest) |
|
bråut f. |
braut |
stad der lendet bryt, har ein knekk; «utpå bråutn» |
|
bu f. |
bu |
butikk; 1) ”e ska på bue”: eg skal til butikken. 2) bu, t.d. stølsbu, også brukt om fyrste
høgda
i stabburet |
|
bu v.,-ddæ |
bu |
førebu; «dæi voro buddæ, dæi hadde butt se»: dei var førebudde, dei hadde budd seg |
|
bufar f. |
bufar |
sjau; 1) fæl sjau, treng ikkje vera buføring, 2) uforvarande uhell |
|
bufarsdagen
m.bf. |
bufarsdagen |
dagen dei flytta til eller frå stølen |
|
bufargråut m. |
buferdsgraut |
rømmegraut som vart kokt bufardagen |
|
bufarhælji f.bf. |
bufarshelga |
tiande helga etter jonsok |
|
bufarlass n. |
bufarsslass |
flyttelass til og frå stølen på bufardagen |
|
bufarviku f. |
bufarssveka |
veka før dei skulle flytta heim att, då dei ordna seg og pakka |
|
bufarværme m. |
bufarsbål |
bål kvelden før dei skulle flytta heim att |
|
bufarænde m. |
bufarende |
uvøren gutunge |
|
bufæl f. |
buferd |
samling av krøtter frå ein gard når dei ”buføldæ”, dvs. «fløttæ» til eller frå stølen |
|
bukk m. |
bukk |
trebukk til å setja under bordplata eller anna, ”sagbukk” |
|
bukk-o-jæit m. |
bukk og geit |
nyare tømmerdoning, festa med drag i staden for skjæker. Sjå «stutting o dubbæ» |
|
bukseræ v.,-dæ |
buksere |
gå ut for seg sjølv, ”løysæ brokji” |
|
bukæ v.,-a |
buke |
1) stå i med arbeid, «bukæ på», 2) «bukæ på se»: ha på seg ekstra med klede |
|