heading
 
 
Oddmund Vestenfor:
Æi båus bok mæ stivæ bræu
 
 
bok2
 
 
Knut Skolt og Margit Halbjørhus Wøllo: Hemsedalsmålet - Ord og uttrykk. Hemsedal Mållag 1999. 197 sidor.
 
Denne ordsamlingi vart til bok i 1999, etter lang tids arbeid. Hemsedal Mållag og lutlaget Busk-Mål AS fekk hjelp av bygdens
menn med pengar, og no er boki innbundi, nett og fin, med pålimte bordar i grått oppe og nede på burgunder botn.
Ho er hendig og god å halde i.

Me ser radt det er gjort godt arbeid. Eg meiner det finst ikkje so forseggjorde ordbøker frå Hallingdal som denne. Her er fullt av
sjeldne ord og tydingar, jamvel gamle lånord med morosam tyding. 180 sidor med tettskrivne ordartiklar frå a til å, og ti sidor bak
med teikningar av hestereiskap og vevstol med namnet på einskilddelene og med helsing frå forfattarane Knut Skolt (som di verre
døydde no i år) og Margit Halbjørhus Wøllo. To føreord syner veg for lesaren. Mållaget skriv fyrst om ordskatten som er berga,
og vonar boki blir til kveik for dei som ynskjer å tala bygdemålet og friske på "det standardiserte hastverksmålet som dei fleste av
oss lett hamnar i".

Skolt og Wøllo legg ved ei helsing med ynske om "å sameine noko av det beste frå den gamle tida med noko av alt det nye som
kjem", og det er so sant som dei seier det.

Ortofoni Boki er fyldig og fin, tettskrivi med gode ord, ortofont nedskrivi (etter ordlyden, slik ordi lyder i dialekten). Nordmenn
flest skulle soleis skjøne uttala, og det er bra. For hallingmålet kling ut or det, om ein vågar seg til å lesa høgt. Det er attkjennande
for dei som kjenner målet, for bonden og oss andre heimefødde. Musikaliteten stig fram or teksten tillyd inne i oss, når me les det
nokolunde slik det skal lesast. Men som bymann, akademikar og nasjonal-global grublar saknar eg meir gjennornførd
grallInatikkmerking av ordartiklane og ei full fyrsteføring på skriftmålet (dvs. nynorsk) i høgre bolken. Slik det er no, ymsar det
med korleis det er gjort. Ingi merking seier oss om ordet er normert, eller om det er forklart med eit anna ord. Med normert nynorsk form etter oppslaget på halling vorte det lettare for folk å forstå, og det skulle hjelpe dei til betre å sjå samanhengen med anna norsk mål. Eit døme er oppslagsordet møle - skrivi tostava og utan ordklasse- markering, med forklaringi: "mødesamt, flautt og
vanskeleg". Det tek tid å forstå at dette er ordet mødeleg adj., når me les radi med oppslagsordi, og ikkje eit verb eller substantiv
med tjukk I (som i oppslaget under: møle m. = nn. mole m.) Møle skulle det ha stade, meiner eg, for å syne rette ut tala. Den tostava formi er framand å sjå til og skjøne kva er. Andre stader står skriftspråksformi (nynorskformi) fremst til høgre: nolmæ - nordmed,
nordved og maka v. - moka (møk). Men når ordet står normert fyrst i rekkja av synonym og forklaringar, veit me ikkje alltid
omdette er same ordet, ein ordvariant, eller eit synonym.

Grammatikkmerking og bøying Samlingi fører ikkje opp meir enn naudsynt. Substantiv har med kjønn Cf, m. eller n.) og
fleirtalsform der det trengst eller høver, døme: la n. fit. lø. (nn. lad), briskjinål J, fit. -næli og økkla n. fit. økklu. Stundom står ei
alternativ linn form, annsæmd el. annsæme n., eller to ord el. varierande utta]e i same oppslaget bustul el. busul m., kvartel el.
kvartil n. Verb med v.-a for a-verb, og fortidsformene er halvvegs utskrivne etter korleis dei bøyest, døme: brænji v.,-gdæ og bærkji V., -ktæ, frå frikativ g og k til plosiv lyd.2 Det kan vera vanskeleg å tenkje/lesa seg til fortidsformene på eigi hand, jamvel om ein er halling. Best vore det vel å skrive fortidsformene fullt ut. Men systemet er godt uttenkt, og verkar bra for dei som skjønar det.
Adjektiv står utall ordklassemarkering. Kvifor det?

Uttala Oppslaget fylgjer uttala so langt råd er i det vanlege alfabetet. Diftongen au i skriftmålet blir difor skriven åu (døme: gåuve), medan tjukk I er understreka (døme: blakk). Trykk (og vokalkvalitet?) er vist med aksent. Adverb som endar på -en har fått aksent
over e-en (døme: busen), som syner at e-en skal uttalast saman med n i sistestavingi (ulikt austlandsk, likt med vestlandsk).
Ei liti halvside gjev forklaring til uttala. Det gjeld vislelyden hl inne i ord av gamal tl/sl og uttala av gamal hn: "Kn-" vart frå gamalt av uttala "nj-", særleg i sørbygda. Sjølvom ein del av orda i dag blir uttala med "kn-" fyrst, er dei of tast førte opp under "nj-" her,
sidan det var den pphavlege uttalemåten. (Hemsedalsmålet s. 8) Dei har valt skrivemåten nj, som er ei nyare uttale av det gamle hn
(hn omsnudd ti] nh og endra mot nj = metatese). Denne formi finst for det meste i Gol og søre Hemsedal (resten av Hemsedal har
kn), og må vera nokso ny, for i Hol heiter det enno hniv, H nut og hnette (kneet) med det gamle hn. (Torbjørn Hnutsson Tufte på
Øvre Sand i Kvihlen sa soleis, han levde til 1987.) Andre i Hol seier venteleg kn, som i Ål, der kn-uttala dominerer no,
og som me les, i resten av Hemsedal.

"Kjukk og kjedn" Ortofonien i norske dialektordbøker gjer ordi for like å sjå til og mindre attkjennande. På papiret står ordet
aleine, skilt frå samanhengell med talemålet, og ille må lesa skrifti for å skjøne kva ord det er. Der målføreuttala ikkje bryt
avgjerande med skriftuttala, er det lite å vinne på å byte ut bokstavsamband med andre bokstavar som lyder 1ikelein. Dersom ei
dialektordsamling har oppslaga kjukk og kjedn n. , svarar det sjølvsagt tiloppslagsorda tjukk og tjern i skriftmålet. t j og kj er alltid
eins i norsk, for lydane har falle saman. Vore det ikkje betre å skrive desse ordi slik dei plar stå i skrift, eller i minsto føre opp
skriftformi fyrst i høgrebolken, slik at alle veit kva ordet er? Eit anna ord som plar stå feil på skilt oppetter norske dalar,
er Fetjan/Fekjan - opphavleg genitiv fleirtal av fet f., som tyder "flat eng, låg (ofte overfløymd) grasvoll ved vatn, t.d. mellom
buktene av ei elv" (Norsk Ordbok, band 2, spalte 1323- frå oppslagsordet fet f. NO fører opp fleirtals-formi fetkja frå Hallingdal.
Dette er den gamle uttala, mykje likt vestlandsk, t.d. i ordet itkje. Det rette må då vera å skrive tj Men vanen arbeider mot,
og når uttala er lik, og folk flest ikkje lenger ser sambandet med fet, kunne dei koma til å seia fet-jan. Sjølvom uttala kan mistydast, meiner eg det er viktigare å få fram at grunnordet er fet, og at fetjan er ei form av det ordet.

Fleksibilitet millom ordklassone
Hallingmålet er eit konservativt mål, blir det sagt. Mykje avleiing og omlyd, i skiftande former
og i kast millom ordklassone, er døme på det. I boki finn eg m.a.: skivja v. - kløyve, laga skivor: "å sjivja tunt" vøru J - tid av ei viss lengd; "æ i lang vøru" væru J - eige; "ha dæ i væro sine": ha det i eige, ha det blant eignelutene sine veu f (jf. verbet å veda) - vede, 1) tremateriale, 2) tregrense; "uppi veun": ved tregrensa velu J (jf. v. å vela = vøle, reparere) - istandsetjing, utveg; "ha æi velu mæ
ri" tuku .t (jf v. å taka) - toke, dugnad ved tekking av tak Nokre linne former av substantiv me kjenner som sterke: næle m. - barnål
mukkæ j: (linn hokjønnsform, av mug m. + etterlekken -ka) - flokk, hop; "æ i ongæmukkæ"

Ein interessant feil (?) - j eller ei Den tradisjonelle jo- og ju-sambandet etter 1, n og r, som i skriftmålet er endra til ø og y, er under press og avvikling. Boki har med fleire ord som held på det gamle her: rjumme, rjupe - gamal form - blir ofte sagt rumme, rupe no.
Verbet rjøtæ: (gn. rjota) og verbet rjøkæ (gn. rjuka) blir etter mi meining bøygde ryt - råut og ryk råuk i halling, ikkje rjåuk og rjåut som det står i boki. Anten hemsedølene faktisk seier det, eller det er ordsankarane som feilnormerer (hyperkorrigerer), kan me seia
det er infinitivsformi som verkar på fortidsformi.4 Ein annan feil(?) er grjønskog, som skal vera grønskog (granskog),
jf. Grønlie (Granli), som det heiter i grannebygdi Gol.

Lystlesnad Artiklane er godt skrivne, og det er med stor hugnad eg sit og les, no med innhaldet for auga. Då ser eg kor rik denne
samlingi er. Her er det mykje å ta tak i og utvikle vidare, for den som vil. Små særtrekk som kan jamførast med øvredalsmålet 6,
islandsk, vestlandsk og austlandsmål, alt etter som. Det er lystlesnad, for ordi fell so godt etter einannan når ein kjem inn i rytmen.
Og ordlag og setningsemne dukkar opp med jamne millomrom, set meg i stemning og hjelper på forståingi. Bra arbeid, rett og slett, og viktig, ikkje berre for Hemsedal - men for heile Hallingdal og Noreg.

Gode ord frå samlingi (Normeringi og nokre av tydingane er mine) mæt adj. og mæta v. Adjektivet mæt tyder god, bra, dugande.
"Han va kji so mæt", forklart med "han var ikkje så dugande (litt undermåls", og "dæ va kji grande mætar, dæ" = det var ikkje det
grann likare, det. Verbet mæta (mæt-mattæ) tyder vyrde, merke gjera åt = helbreda, heila. (Døme på korleis me i norsk kjem langt
på veg med eit vanleg verb + preposisjon.) I Hemsedal er det brukt om "å gjera folk friske att ved hjelp av trolldom og overtru"
sinn/sinnom hælg, no heiter det for(r)ige, lånord frå (dansk) skrift (nn. førre av gn. fyrri) braniskiste = kiste frå Branæs (Drammen). l-en frå etterlekken kiste ser ut tilå ha jamna ut æ/e i fyrstelekken til i (regressivassimilasjon), og er eit døme på jamning i
hallingmål, jf. har tikji, å lava (lova), å bara (bora), kapar (kopar) fyryrådd (nn. førerådd) = godt førebudd gøldna m. (nn. goldnad)
etterspurnad: "dæ va kji stor gøldna på dæi": dei var ikkje etterspurde å haldast, dei heldost (heldust) = krangle å iræ = angre.
"E ira på handeln" jold- mogen. "Bære æ jold, bære jolnast". - Normert til tradisjonell nynorsk skulle det bli: Bæri (hokjønn)
er gjord, bæri gjordnast, dvs. bæret er gjort ferdig, det er moge.

Notar
l. Er det ei synkopering som spreier seg - at folk ikkje høyrer/seier den midtre stavingi? Ordet gøttri n. og slavri n. kan tyde på det.
I Ål har eg aldri høyrt anna enn gåtteri, med tri fulle stavingar.

2. bærkji v. og blænkji v. står utan k i fleksjonsendingi ( -tæ). Når k-en ikkje er med, skulle uttala i fortid bli bærkjte og blænkjte,
men det er feil. brænji v.,-gde er rett skrivi. Uttala skifter då, som me ser, trå brænji til brængde,
og likeins skulle det skifte frå kj til k.

3. Skilt med dativformi Fetjo på er kome opp i det siste på Veståsen i Ål, det er i tråd med faktisk uttale hjå bønder som stølar der
og talar "ekta". Kasus har vore levande i stadnamn i Hallingdal heilt opp til no, men ser ut til å stivne meir og meir i dativformi.
Grannen heime i Ål, Lars Sindreson Grøvo (f. 1937), sa t.d. at han køyrde gjøno Gjæiladn (han brukte akkusativform i staden for
den stivna dativformi Geilo), og han skulle te Grøvan(n) ein tur (= småbruket Grøvo i Ål), som er ein genitivsrest til liks med te
gards, te bygdars og oppslaget te husan frå Hemsedalsmålet, s. 156. Når kasusskiftet blir borte, fester dativformi seg, fordi ho er
mest brukt. Preposisjonane på og i og te og frå styrer alle dativ i nynorske dativmål.

4. Eit liknaude fenomen er kan hende uttaleendlingi av verbet skjøte (skjota) i austlandsk, som har endra fortidsform frå skaut til
sjøyt (og skøti til sjyti), frå veksling millom frikativ og plosiv k til berre frikativ k (j-uttale i alle formene). 5. Ikkje gn. grjon
(nn. gryn), men gron (nn. gran). Talemåten kan og ha kome analogisk frå nj-Iyden, som er særmerkt og ikkje so lite brukt.
6. Målet i Øvre Hallingdal; i Ål og Hol.


av Oddmund Vestenfor i ORD OM ORD, nr 7 (årstidsskrift for leksikografi 2001. Utgjeven av Uio, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap)