HEMSEDALSMÅLET
av Kjell Venås
Opphavet til
hemsedalsmålet og grensene for det
Hemsedalsmålet i dag kjem
frå gamalnorsk, som er namnet på målet i heile landet vårt før om lag år 1350. Truleg var dalen folkesett lenge før det, endå vi skal hugse at så langt inne i
dalen og så høgt til fjells slo folk seg ned seinare enn dei gjorde i
kyststroka og på dei opne flatbygdene.
Som vi veit, er det store
skilnader mellom norske målføre (som er eit anna ord for dialektar), og det er
skilnad på austnorsk og vestnorsk mål. Etter hovuddraga og dei fleste
kjennemerka høyrer hemsedalsmålet til austnorsk. Det seier likevel ikkje noko
avgjort om dei som fyrst slo seg ned i dalen, kom austfrå eller vestfrå.
Derimot fortel den austnorske karakteren åt målet at det må ha vore best
sambandaustover på den tida då austnorsk og vestnorsk tok til å skilja seg frå
kvarandre, og det var truleg i slutten av gamalnorsk tid.
Det kunne vera lettare å
fara austover og å koma austanfrå enn å dra vestover og å koma derifrå. Dei som
var ute på
ferd, kunne følgje dalar og elvar austover. Vestover steig landet og
vart til høgfjell.
Kjennemerke på austnorsk
mål
Det er to
hovudkjennemerke på austnorsk mål, og dei to særmerka går under dei
språkvitskaplege nemningane tjukk l og jamvekt.
Den tjukke l-en er den
lyden som vanleg austnorsk folkemål har i ord som Ola, sol og klok og i ord som ord og hard.Vi skriv dei siste to med rd fordi l-en vi seier i dei orda, kjem frå -rð i gamalnorsk. Der stod det siste teiknet forein særskild d-lyd som ikkje er
brukt lenger.
I ei enkel lydskrift vil
desse orda bli skrivne o: la, so: l, klo: k, o: l, ha: l
(Teiknet : står for å
fortelha at lyden føre (o eller a) er lang.)
Jamvekt er det som har
gjort at ein viss type av gjerningsord (eller med eit anna ord: verb) endar på
-e i nemneforma etter å, og at verb av ein annan type endar på -a i den same forma. Det heiter å kaste, lyse, men å fara, veta. Vestnorsk har ikkje tjukk l og ikkje jamvekt. I sognemålet endar såleis alle
verba på -a i nemneforma: å kasta, lysa, fara, veta. Endå hemsedalsmålet er
eit austnorsk mål, er det i dette målet (og i anna hallingmål og i valdresmål)
eit visst samband av lydar (to konsonantar saman) som elles berre finst i
vestnorsk. Det er lydfølgja dn i ord som i hødn "horn" og jedne"gjerne". Ho svarar til "rn" i skrift, og skriftbiletet
fortel at desse konsonantane stod saman i eldre talemål. Den same lydfølgja er
også bøyingsmerke i fleirtal av substantiv, slik som i formene gutadn,
jentudn, møtudn "gutane,
jentene, møtene". Også der har det vore -rn.
I fleirtal er det noko skilnad i uttala mellom delar av bygda, for særleg i
sørbygda er det tn i staden for dn.
Om nokre særskilde lydar
i målet
I hemsedalsmålet finst
stort sett dei same einskildlydane som i andre austnorske målføre og som i
norsk i det heile. Lydane kvar for seg har austnorsk uttale og er ikkje så
ulike dei som vanleg oslomål har, for å nemne det eine målet som vel er best
kjent i heile landet. Tonegangen og lydføringa i einskildord og i samanhangande
tale er også austnorsk og tydeleg annleis enn i ymse slag av vestnorsk mål.
Berre ein går over fjellet til Borgund og Lærdal i Sogn, kling talemålet reint
annleis. Hemsedøler tykkjer gjerne at lærdølar og sogningar i det heile syng
meir når dei talar, enn dei sjølve gjer i sitt mål. Nokon skikkeleg brei æ-lyd
har ikkje hemsedalsmålet, men det er fleire e-lydar. I ord som tre,
fe, og vet (det vi har oppe i hovudet) er e-en trong og lang. Den
same tronge e-en er stutt i ord som lett og knett, det siste er
den gamle forma for det nyare kne. I ord som vet (="vinter") eller hest er e-lyden opnare og nærmar seg noko
til æ. I slutten av ord er e-klangen mindre tydeleg og kan jamførast med
ein avdøyvd lydgjevande pust slik som i all norsk: jente, vise. Også i slutten av ord kan
den tronge og tydelege e-lyden finnast: såleis i bygde (= bygda) og i
(eit) møte. I møte er det den tronge sisteleden som skil ordet
frå møte (som i "å møte") med den meir opne e-lyden til slutt. I lydskrifta her er
særskilde lydskriftteikn brukte berre når det tyktest å vera naudsynt, og det
vil seia når det var bruk for å poengtere skilnaden mellom fleire slags uttale
av nærståande lydar. Elles er det vanlege teiknet "e" eller "e" brukt fordi den som les, truleg utan vidare vil tolke teiknet med den e-lyden
som det skal vera. Lyden ø er svært
mykje brukt i målet. Det er mest fordi han finst i andre ord enn i svært mange
mål. Han svarar ofte til ein å-lyd som blir skriven o og er svært vanleg
i all slags norsk. I hemsedalsmålet er det såleis ø ikkje berre i ord
som søt og høg og føre, der det er gamal og vanleg ø i alt mål, men og i ord som øpen, køst, tøpp, løva (lova), vørte (har vorte), (ei) røtte. Denne ø-en er så vanleg at han set eit
tydeleg merke på målet. Det er ikkje berre uttala
og klangen av einskildlydane som avgjer korleis målet lyder, eller kva det er
for ord ein seier. Også lengda av lydane har noko å seia, og det er
vokalane som tel mest. Lenga på konsonanten eller konsonantane etter vokalen
kjem av seg sjølv ut frå vokallengda. Når vokalen føre ein konsonant er lang,
er konsonanten stutt, og når vokalen er stutt, er konsonanten lang. I nokre få
døme på s. 1 står teiknet : for at vokalen føre er lang. Elles er det i dette
heftet ikkje brukt noko særskilt teikn til å syne om ein vokal er lang eller
stutt, for lesarar som kan norsk, vil av seg sjølv fordele lengda rett mellom
vokalen og éin konsonant eller fleire konsonantar som kjem etter vokalen.
Gamle særmerke i
hemsedalsmålet
Alt norsk mål i landet
forandra seg mykje då gamalnorsk gjekk over til ein yngre språktype, fyrst
mellomnorsk (1350-1525) og seinare nynorsk (her brukt i språkhistorisk meining
om tida etter 1525). Talemålet i Hemsedal følgde med i den same utviklinga som
andre austlandske målføre hadde. Det viktigaste nye i austnorsk var nett den
tjukke l-lyden og reguleringa etter jamvekt, som førte til at vokalane -a og -e
vart fordelte på ein viss måte. Det er særleg dei to
draga som skil austnorsk frå andre slags norsk. Noko anna ved overgangen
på 1300-talet var at bøyingane av orda vart mykje enklare og formene færre enn
i gamalnorsk tid. Mange endingar og bøyingsformer vart borte eller fall saman
med andre former. Likevel heldt hemsedalsmålet på somme gamalnorske
bøyingsmåtar som vart borte i dei fleste målføre både i aust og vest.
Vi skal
sjå på to slike gamle bøyingsmåtar. I gamalt hemsedalsmål er
det ulike former av verbet alt etter om det er ein eller fleire som gjer det
verbet seier. Det heiter ho kjem, men dei koma i notid, og det
heiter ho sprang, men dei sprongo i fortid. Den andre gamle
bøyingsmåten er at hemsedalsmålet har særskilde former av namnord når dei blir
brukte på visse måtar eller i visse samanhengar. I språkskildringa kallar ein
dette for dativbruk. Det er ein bøyingsmåte som er velkjend i framandspråk som
tysk og elles finst eller har funnest i mange andre norske målføre. Ord som
står i dativ eller blir bøygde i dativ, får då eigne former jamført med i annan
bruk. Dativ blir brukt i namnord og nokre pronomen.
Vi skal sjå
på nokre døme
med dativ i hemsedalsmålet: I Kari køyre bil´n endar den bundne
eintalsforma av ordet bil på -n, men i Ola sit i bile endar det same ordet på -e. I e såg jenta har ordet jente endinga -a i bunden form eintal, men i e ga jentun ei pakke har det same
ordet endinga -un. I det siste dømet i båe høva står namnordet i dativ. Også nokre personlege
pronomen skil mellom dativformer og andre former. I ein samanheng som eg såg (a)n svarar det siste ordet til
pronomenet han, men i je-o denne kniven, er det -o som
blir brukt for han. Det er ei samandregen form, som eigentleg står for
hono(m), og det er dativforma av han. I ein samanheng som ta-o me de,
du! står -o for ho, og ordet er brukt om noko som er av grammatisk
hokjønn. I samanhengen e møtte-n sy gale, som tyder "eg møtte henne
sør i garden", står derimot -n for "henne" og er ei
dativform av pronomenet. Grunnen til dativ her er at verbet møte rett og
slett er eit dativverb.
Hovuddrag i grammatikken
For å få oversyn over og
for å kunne tala (og skrive) om talemålet (og skriftmålet) vi bruker, må vi
dele språkstoffet inn i slike einingar at vi kan få system i det og orden på
det. Berre då kan vi tala og skrive om språket. Slikt system og slik orden som
språket har, utgjer ein grammatikk. Folk som kan bruke eit mål, har grammatikken i hovudet. Ein grammatikk
er og noko som fagfolk på språk skildrar i grammatiske bøker. I teksta her er
nokre vanlege nemningar om språk og grammatikk alt brukte, og fleire kjem no
etter kvart.
Bøying av namnord
I grammatikken er det
også brukt eit anna ord i staden for namnord. Det er "substantiv",
men namnord seier noko meir: at desse orda verkar som namn eller nemningar på
noko. Namnorda har ei viss
utgangsform eller grunnform som står for ein, ei eller eit. Grunnforma kan ha
ord føre seg som merkjer av at det gjeld ein, ei, eit, og ikkje fleire: Bruken
ser vi når vi skriv ein kost, ei rive, eit greip. Utgangsforma kan forandrast for
å uttrykkje slikt som skilnaden mellom ein og fleire: fleire kostar, river,
greip. Noko anna er skilnaden mellom det som er ubestemt, ukjent: ein stein,
ei vøgn, eit hus - fleire steina, vøgni, hus og på den andre sida noko som
er bestem slik at ein kjenner det og skjøner kva eksemplar det er tale om: stein´n,
vøgne, huse - steinadn, vøgnidn, huse. Eit talemål (og eit
skriftmål) får eigenkarakter eller særsvip etter korleis dei ymse skilnadene i
bruken og forma av namnorda er uttrykte. Eit mål som har -a til
fleirtalsmerke verkar annleis enn eit som har -e. Som vi veit, er nett
dei to lydane og bokstavane -a og -e noko som skil bokmål og
nynorsk frå kvarandre i mange høve. I skriftmåla er -r med ein vokal føre det
vanlegaste merket på fleirtal. Det heiter ein gut - fleire gutar. I
hemsedalsmålet er det ikkje med nokon -r, så vokalen føre blir gjerne det
einaste som syner fleirtal, såleis i fleirtal guta i høve til eintal gut. Etter bøyingsmåte og
samband med andre ord høyrer eit substantiv til ei av tre grupper som vi kallar
med ordet kjønn. Dei tre gruppene er hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Vi skal
sjå på substantiva gruppevis i nett den rekkjefølgja.
Hankjønnsord
Vanlege hankjønnsord som gut og arm eller haji (hage) og stubbe blir bøygde med fleirtal
på -a og -adn:
(ein) arm
|
(en) armen
|
(fleire) arma
|
(dessa) armadn
|
gut
|
gut(e)n
|
guta
|
gutadn
|
haji
|
hajin
|
haga
|
hagadn
|
stubbe
|
stubben
|
stubba
|
stubbadn
|
Nokre hankjønnsord har -i
og -idn i fleirtal:
gris
|
gris´n
|
grisi
|
grisidn
|
Andre ord som går som gris,
er sau, vegg (fleirtal vejji) og fleire.
I hemsedalsmålet som i
anna norsk mål skil nokre namnord i hankjønn seg ut ved ei anna bøying enn dei
fleste har. Slike avvikande bøyingar går langt attende i målsoga. Mellom
namnord som går annleis, er det ein type som har fleirtalsbøying med -a og
-adn. Sjølve endinga er som vi skjøner vanleg i mange mål, men ikkje i nett desse orda:
fot
|
fot´n
|
føta
|
føtadn
|
mann
|
mann(n)
|
menna
|
mennadn
|
Noko vi kallar tonelag
kjem inn her. Tonelag blir burkt som nemning på korleis den musikalske tonen
stig eller søkk i eit ord. Som i all norsk har fleirtal av ord fot og mann eit anna tonelag enn dei fleste tostava fleirtalsformer. Ein kan prøve det med
å skilje mellom føta (fleirtal av fot) og føta i "han
føta seg" (om å stå på føtene). Det fyrste kallar vi tonelag 1, det andre
tonelag 2.
Når dei står i dativ, har
hankjønnsord former som i je noko åt gute (åt guten), sita på stubba. I fleirtal har alle substantiv former på
-o, som i åt guto (åt gutane), i alle hago.
Hokjønnsord
Vanlege hokjønnsord som fjør og kørg (korg) har fleirtal på -i og -idn:
fjør
|
fjøre
|
fjøri
|
fjøridn
|
kørg
|
(den) kørji
|
(fleire) kørji
|
kørjidn
|
Ulikt tonelag skil dei to
formene som er skrivne kørji her. Eintalsforma har tonelag som i
namnordet lyse (lyset). Fleirtalsforma har tonelag som i verbet lyse (å lyse). Det fyrste er tonelag 1, det andre tonelag 2. Ei mindre gruppe av hokjønnsord har fleirtal på -a og -adn.
myr
|
myre
|
myra
|
myradn
|
bygd
|
bygde
|
bygda
|
bygdadn
|
Ei nokså stor gruppe av
mykje brukte hokjønnsord har ei bøying som svarar til bøyinga av hankjønnsord
av typen fot og mann. Det særmerkte for den gruppa er som i all
norsk tonelaget i fleirtal. Det er som i lyse (lyset). Hit høyrer ord
som:
hønd
|
hønde
|
henda
|
hendadn
|
bok
|
bokji
|
bøka
|
bøkadn
|
Slik går ord som bjørk,
fønn, tøng, tønn, bot, brok og med vokalskifte u-y: brun (=bru), mus.
Ein særleg type av
hokjønnsord med to (eller fleire) stavingar går som vise og viku:
vise
|
visa
|
visu
|
visu
|
viku
|
viko
|
viku
|
vikudn
|
I dativ har hokjønnsord
endinga -n eller -en. Det gjev former som svarar til i kørgen, bygd´n,
visun, vikun. I fleirtal dativ er det som vanleg -o: i kørgo, bygdo,
viso, viko.
Inkjekjønnsord
Det er ord som hus,
løft, tak:
løft
|
løfte
|
løft
|
løfte
|
tak
|
take
|
tak
|
takji
|
Dei to formene løfte "det loftet" og løfte "dei lofta" skil seg berre ved
at e-lydane sist i orda er ulike. Dativ i inkjekjønnsorda er som i på løfte,
takji, og på løfto, tako.
Nokre ord med vokalen a
får bøying som land:
Dativformene er som i i
lande og i løndo. Andre ord som går sameleis, er band, bla,
skaft, spann. I hemsedalsmålet i dag kan dei gå som dei andre
inkjekjønnsorda. Inkjekjønnsord som
sluttar på -e, og har meir enn éi staving, går som møte:
Nokre få inkjekjønnsord
om kroppsdelar går som auga:
auga
|
auga
|
augu
|
augudn
|
øyra
|
øyra
|
øyru
|
øyrudn
|
jarta
|
jarta
|
jartu
|
jartudn
|
Dativformer er som i
auga, i augo.
Pronomen
Pronomen er ord som står
i staden for andre ord. Personlege pronomen står i staden for ord om personar. I staden for namnord av noko slag kan vi bruke pronomen som e, du, han, ho. Nokre personlege pronomen
blir brukte som i desse døma: e fann de lell, e; hann
Ola såg o (ho); du sat på o (=honom, dativ
for hann), hann Ola va i lag me n (=med henne, dativ for ho); ho såg dikka (dykk), hann tok peingadn dikka (dykkar). Det har vore sagt at det
mest sentrale ordet i eit språk må
vera det ein person brukar om seg sjølv, altså fyrste persons pronomen. I
hemsedalsmålet er det e, ei form som svarar til skriftforma i nynorsk:
eg. Nemneforma e er rimform til de(deg), som blir brukt om den noko går ut over (objektet). Det er nett det same ordet som deg i skriftmålet.Fyrstepersonsforma e i eintal er og rimform til forma for
fyrste person fleirtal, som er me. Den forma finst og i nynorsk ved sida
av vi. Ved sida av dikka blir det sagt dikko. I gamalt hemsedalsmål er det skilt mellom de og dikka, som i de slo dikka (= de slo dykk), men mange unge
brukar no dikka eller dikko også for subjektforma de. Dei
seier då til dømes dikka/dikko slo dikka/dikko. Dette høyrest heilt fælt og
unaturleg ut for dei som har lært og bruker det gamle målet, men det er ei
utjamning som har gått for seg i mange andre mål før, som der dei har former av
typen dokk eller dokke for båe bruksmåtane. Ei gamal form av
pronomenet nokon er nøkle. Ho svarar til "nokre" i
nynorsk og blir brukt som i e såg nøkle saui, de va nøkle so (ein
del, ikkje få). Den forma blir ikkje brukt når ein nektar noko. Då blir nokon brukt i staden: e såg ikkje nokon uppi skoji.
Gjerningsord
Framandordet for
ordklassa gjerningsord er verb. Dei aller fleste vera i målet er dei same som i
annan norsk og blir bøygde på same måten som i nynorsk. Noko særskilt for det
gamle hemsedalsmålet er nemnt ovanfor, at verbet har andre former når det er
fleire som gjer noko enn når det er éin. Den bruken har gått ut av målet åt dei
unge. Verba skifter for alt
etter om dei berre nemner gjerninga (nemneform eller infinitiv), står for
notid, fortid eller blir brukte saman med ei form av verbet ha (eller vera).
Formskiftet ser ein av dei bøygde einskildverba nedanfor. Nokre verb er kalla
linne eller veike (svake). Dei finst i fleire grupper, med noko ulike
bøyingsmåtar. I døma med linne verb som følgjer no, er dei einskilde
gruppene skilde:
å baka
|
e, me baka
|
e, me baka
|
ha baka
|
å kaste
|
e kasta, me kaste
|
e, me kasta
|
ha kasta
|
å like
|
e like, me like
|
e, me likte
|
ha likt
|
å prøve
|
e prøva, me prøve
|
e, me prøvde
|
ha prøft
|
å tøla (= å tora)
|
e tøla, me tøle
|
e, me tørde
|
ha tørt
|
å lyse
|
e lyse, me lyse
|
e, me lyste
|
ha lyst
|
å røykji
|
e, me røykji
|
e, me røykte
|
ha røykt
|
å tykkja
|
e tykkjy, me tykkja
|
e, me tøtte
|
ha tøtt
|
å velja
|
e vel, me velja
|
e, me valde
|
ha valt
|
å spørja
|
e spør, me spørja
|
e, me sporde
|
ha sport
|
I dei linne verba er det
særskilde fleirtalsformer berre i notid.
Gruppa med sterke verb
har derimot særskilde fleirtalsformer både i notid og fortid. Det er ulike
slags vokalskifte i desse verba, og dei fleste er svært vanlege ord, som blir
mykje brukte.
å bite
|
e bit, me bite
|
e beit, me bito
|
ha biti
|
å brøte
|
e bryt, me brøte
|
e braut, me broto
|
ha brøte
|
å dette
|
e dett, me dette
|
e datt, me dotto
|
ha døtte
|
å finne
|
e finn, me finne
|
e fann, me fonno
|
ha fønne
|
å bera
|
e ber, em bera
|
e bar, me boro
|
ha børe
|
å lesa
|
e les, me lesa
|
e les, me leso
|
ha lese
|
å fara
|
e fer, me fara
|
e for, me foro
|
ha føre
|
å stå
|
e står, me stå
|
e sto, me stoo
|
ha stae
|
å læji
|
e lær, me me læji
|
e lo, me loo
|
ha lætt
|
Nokre av verba endar på
-e i nemneforma, det er ein open -e. Dei fleste verba endar på -e i forma etter
"ha", det er ein trong -e. Dei to formene blir altså skilde åt berre
av ulik e-lyd.
Preposisjonar
Nokre preposisjonar krev
at orda dei står til, har ei særform som blir kalla dativ. Preposisjonar som
krev dativ, er frå, imot, me, or, te, åt. Vi ser korleis bruken er i
døme som frå mørgoe (frå morgonen), ro imot vinde (mot vinden), kåma me bile (med bilen), kåma or fjøse (med trong -e, or fjøset), te
væte, te våre, te vikun (til vinteren, våren, komande veke), åt kyrkjun,
åt skoji, åt Lykkjun (åt kyrkja, skogen, Lykkja). Nokre preposisjonar krev
nemneform om rørsle til ein stad, men dativ om noko på ein stad. Det gjeld i,
på, unde, og vi ser bruken i døme som få noko upp i nevadn, men ha
det i nevo, dra på støl´n, men vera på støle, ho krabba
unde sengji, så no ligg ho unde sengen. Nokre preposisjonar har
alltid nemneform etter seg: de blæs ijønom vejjidn, sita ve peis´n, vera ve
kyrkja. Det gamle bøyingssystemet
som dei særskilde dativformene utgjer, held på å løysast opp og gå tapt i målet
no. Det er lite kjensle for bruk av dativ hjå unge hemsedøler. Likevel er det
ved bruken etter preposisjonar dativ har halde seg best.
Eit særskilt ord av
klassa adverb
Adverb er ord som står
"til verbet". Berre eitt særskilt av adverba skal nemnast her. Det er
nektingsordet som svarar til det nynorske "ikkje". I hemsedalsmålet
heiter det ikkji, og som ein ser, svarar det godt til forma i nynorsk. I
bokmål og oslomål er forma ikke. Å sjå til er det ikkje så stor skilnad
mellom dei to ordformene, men på eit sjeleleg plan - når det gjeld bruk - er
skilnaden mellom ikkji og ikke temmeleg stor. Ein hemsedøl som
har vakse opp med ikkji og har den forma i blodet, skal krysse ei nokså
bastant grense før han eller ho seier ikke som del av sitt eige mål. Då
må ein vente at resten av det dei seier, er fjernt frå hjartemålet med. På ein måte kan ein seie
at nektingsordet merkjer av målet mest like mykje som fyrstepronomenet e i høve til jei. Det er sikkert fleire
grunnar til at ikkji signaliserer typen av talemål så tydeleg. Det er
lett å feste seg ved uttala av lydfølgja -kji i høve til -ke, så
uttrykksskilnaden er mykje større enn han ser ut i skrift. Dei ulike
lydfølgjene kj og k verkar som typiske uttrykk for ulikskap
mellom bygdemål (og nynorsk) i høve til bymål (og bokmål). At nektingsordet er
mykje brukt, gjer og sitt til at det kjennest som eit viktig ord. Forma på nektingsordet
fortel kvar ein plasserer seg i det språklege landskapet som norsk er. Dersom
hemsedøler som eigentleg vil halde på målet sitt, merkar at dei ikkje er
fjellstøe til å halde på e og ikkji, er det best å vera på vakt,
for då må det vera fare på ferde med mykje anna i målet deira og. På den andre
sida kan ikkje-hemsedøler leggjemark på om hemsedøler seier e og ikkji.
Gjer dei ikkje det, må folk utanfrå gå til andre for å høyre korleis ekte
hemsedalsmål skal lyde.